Turer

 

 

Til alle turane krevst det godt fottøy. Stiane i området her er ofte gjørmete og våte. Vêret kan vere svært uforutsigbart, så det er viktig at ein har med regnjakke og eit ekstra mellomlag – av og til kan vi oppleve fire ulike årstider i løpet av ein og same dag.


 

Til dei lengre dagsturane er det fint om ein har med ein liten sekk, slik at ein har plass til litt ekstra klede og ei vassflaske. Ta også med ei vassflaske. Den kan fyllast opp undervegs med kaldt og friskt vatn frå ein av dei mange elvane og fossane som vi har rundt oss.


 

NYTTIGE LENKJER OG TELEFONNR

Skjerdal Stølsysteri: +47 948 29 431
Aurland Taxi: +47 901 30 808
Sykkelutleige Myrdal
Booking Flåmsbana

 
 

 

Skjerdal stølsysteri

ysteri-2.jpg

Denne turen går opp til stølen Leim som ligg ovanfor Skjerdal. På Leim kan helse på geitene, få ei omvisning i det vesle stølsysteriet, og nyte ein kopp kaffi og Anne-Karin sine heimelaga mjølkekaker med fersk brunost.

Køyr eller sykle frå 29|2 mot Aurland. Når du kjem til Aurland sentrum, tek du til høgre i krysset ved Spar/kyrkja. Føl vegen om lag 150 meter og ta til venstre mot Skjerdal. Køyr langs fjorden så langt du kjem. Etter om lag 5 kilometer går vegen bratt oppover, og svingar seg opp til parkeringa. Parkering er skilta. Parker bilen her og følg vegen vidare oppover til du kjem til Skjerdal og gardane der.

Vegen går gjennom gardstunet. Du går forbi eit raudt hus på høgre side og så eit kvitt hus. Ved det kvite huset byrjar traktorvegen som du skal følgje vidare oppover mot Leim. Føl vegen oppover. Etterkvart har du utsikt mot flotte fossefall. Du går over ei bru og vegen går bratt oppover den siste kneika før du er på stølen.

Det er ein fin tur å sykle frå 29|2 Aurland og utover mot Skjerdal. Det tek om lag 30-45 minutt å sykle ut til der vegen startar å gå oppover. Sykle så langt du orkar, og set sykkelen frå deg, og følg asfaltvegen opp til Skjerdal.

Totalt 3 timar - 200 høgdemeter
Enkel — middels


 

Kulturstien

horses.jpg

Start frå 29|2 Aurland, og ta til venstre ut på hovudvegen. Gå om lag 10 minutt langs vegen i retning Aurland. På høgre side av vegen vil du sjå eit infoskilt med kart over Sognefjorden. Her byrjar stien. Gå gjennom grinda, og føl stien opp langs elva. Om lag 100 meter etter det vesle huset ”Turken” tek du til venstre og føl skiltet «Kultursti». Du passerar eit lite kvernhus «Kvedni» på høgre sida og held fram til brua som kryssar elva. Gå over brua og hold fram på stien. Langs stien er det små infoskilt som fortel noko om planter og dyr som ein kan finne i området.

Du går delvis gjennom beitemark, skog og kulturlandskap, og kjem til slutt fram til jordbruksskulen. Eit lite stopp innom den økologiske butikken på jordbruksskulen kan anbefalast. Du kan anten gå tilbake att same veg som du kom frå eller følge gang- og sykkelvegen langs vegen tilbake til 29|2 Aurland.

1 – 1,5 timar
Kort og enkel tur som eignar seg godt som ein ettermiddagstur for å strekkje litt på beina


 

Aurlandsdalen frå Berdalen

-Norges Grand Canyon

dalen7.jpg

Middels-krevjande. Sjølv om mesteparten av turen går nedover, er det likevel ein krevjande tur. Det er viktig at du har godt fottøy, ekstra klede, litt førstehjelpsutstyr og nok mat og drikke med deg for ein heil dag ute. Enkelte parti er bratte.

Ta taxi frå 29|2 Aurland til Berdalen. Taxien stoppar i Berdalen, mellom Berdalstunnelen og Nesbøtunnelen. Kryss vegen og gå mot Nesbøtunnelen. Rett før tunnelen er det ei grind på venstre side, og her byrjar stien. Føl den raudmerka stien nedover mot hengebrua. Gå over brua og gå rett fram til du kjem til Heimrebø..

Her møter du stien som går gjennom Aurlandsdalen. Føl stien nedover. Frå Heimrebø er det 13 km ned til Vassbygdi. Du går gjennom eit dramatisk landskap som skiftar etter kvart som du bevegar deg nedover dalen.

Når du kjem til Vassbygdi kan du enten bestille taxi eller ta bussen (sjå rutetabell) tilbake til 29|2 Aurland.

Turen tek ca.
5 – 6 timar + transport


 

Aurlandsdalen frå Østerbø til Vassbygdi

 
dalen6.jpg
 
 

Krevjande. Dette er ein heildagstur. Sjølv om mesteparten av turen går nedover, er det likevel ein krevjande tur. Det er viktig at du har godt fottøy, ekstra klede, litt førstehjelpsutstyr og nok mat og drikke med deg for ein heil dag ute. Enkelte parti er bratte, og det kan vere lurt å ha med vandrestavar.

.

 

Ta taxi frå 29|2 Aurland til Østerbø, eller ta rutebuss (sjå rutetabell). Start ved Østerbø Turisthytte og følg stien ned gjennom den vakre dalen. Stien er godt merka. Ta deg til å nyte utsikta og det storslåtte landskapet. Når du kjem til Vassbygdi kan du enten bestille taxi eller ta bussen (sjå rutetabell) tilbake til 29|2 Aurland.

7 – 9 timar + transport - 800 moh til 50 moh - 19 km

 

Prest

Turen tek ca.

3 – 4 timar + transport
Krevjande

Køyr opp forbi utkikkspunktet Stegastein, om lag 5-10 minutt lenger oppe finn du parkering på venstre side av vegen. Parkeringa er tydeleg merka, og du veit når du er der. Stien startar frå parkeringa, og er tydeleg merka. Det stig etterkvart bratt oppover, og du føl stien oppover heilt til du kjem opp på platået og ser varden på toppen. Heile vegen er det flott fjordutsikt.

prest.jpg

 

Hovdungo

hovdungo1.jpg

Køyr frå 29|2 Aurland til Aurland. Ta til venste i krysset ved Spar/kyrkja, køyr over brua i sentrum og hald fram på vegen til du kjem til . Der går vegen bratt oppover. Køyr til du kjem til eit vegkryss med skilt ”Vikesland”, ”Otternes” og ”Hovdungo”. Her tek du til høgre og held fram på grusvegen. Køyr heilt til du kjem til Vikesland. Her kan du parkere. Gå forbi bommen, og føl fram til du kjem til stølen Sele. Her er det to alternativ for å gå opp til Hovdungo. Den finaste turen er stien som startar lengst borte frå stølen.

Følg stien oppover, den er merka. Etterkvart vil du ha ei flott utsikt ned mot Aurlandsvangen og dalen, og kan etterkvart skimte garden 29|2 langt der nede. Hald fram til du kjem til stølen Hovdungo. Her har du ein spektakulær utsikt over Aurlandsfjorden. Her er det fint å ete nista si. Følg stien som går ned att på motsett side av der du kom opp. Denne stien er kortare, men noko brattare enn den stien du gjekk opp. Føl stien tilbake til bilen.

3 – 4 timar + transport
Dette er ein fin rundtur med flott utsikt over Aurlandsfjorden


 

Flåmsdalen på sykkel og Rallarosa Stølsysteri

flam1.jpg

1 tima med Flåmsbana
2 – 3 timar på sykkel (nedover)
860 moh til 0 moh
20 km får Myrdal til Flåm
Lett

Det er fint å ta Flåmsbana frå Flåm til Myrdal. Det anbefalast å bestille syklar på førehand via caferallaren.no. Frå Myrdal følg ein den gamle anleggsvegen Rallarvegen nedover den flotte Flåmsdalen. Det anbefalast å ta ein avstikkar opp til Vatnahalsen Hotell for ein kopp kaffi og ein vaffel. Det er også fint å ta eit stopp på Rallarrosa Stølsysteri. Her kan du helse på geitene og nyte nysteikte lappar med geitost før du rullar vidare nedover dalen. I Flåm leverer du inn att sykkelen på tilvist plass.