LORD GARVAGH


Heimkomen lord

Vi tenkte det var på tide at lorden kom «heim» og har difor æra en suite til far og son Garvagh med tapet i tweed, ein eigen peis, og vakker utsikt mot elv, foss, fjell og bøar. 

«Gamle» Lord Garvagh og følget hans kom siglande inn fjorden i den flotte tremastaren «Sunbeam» rundt 1850 og budde i «Lordahuset» på Ohnstad, der han visstnok skal ha skote ein gris som grylte for høgt på andre sida av elva, av pur irritasjon, men han gjorde då opp for seg, lorden. Skal vi tru bygdehistoria var det ikkje bare vilt, aure og laks lorden jakta på då han fiska her på Tokvam. Tippoldemora til Bjørn var einearving på garden og måtte gifte seg i hui og hast med ein kar frå nabogrenda då ho vart med barn – og ungen var visst, som Bjørn; openberrt av adeleg herkomst. 

I alle fall har det vore den uoffiselle forklaringa på at ein bratt og uframkommeleg jordteig, midt i Tokvams-eigedomen, vart overført til bøndene i nabogrenda – som medgift. Så seier vi ikkje meir om den saka. 

Då lordane og den britiske overklassa «oppdaga» fjordane, elvene og fjella på slutten av 1700-talet og 1800-talet, trudde folk flest at jorda var flat. Fjellheimen med sine taggar og spisse tinder høyrte til syndens rike. Nordmenn flest brukte fjellheimen til jakt og fiske, ikkje rekreasjon. Nordmenn brukte elvene til å få fisk, ikkje til «lure» fisken med list og lempe med ei flugestong- slik lordane gjorde.

I Aurland fekk Gamle-Lorden bygd «Lordahuset» og det vart fest kvar gong dei kom til Aurland. I fjellheimen mellom Aurland-Hol vart det bygd steinhytter som dei brukte under reinsjakta.

«Gamle»-Lorden heitte Charles Henry Spencer George Canning, og sonen: Charles John Spencer George Canning. «Ung-Lorden» vart med faren til Aurland som fjortenåring og vart gripen av fjella. Då faren døydde nokre år seinare, kom han attende. Lordane hadde langtidsleige på fiskerettar i Aurland, og har til dags dato sett sine spor i bygda.

 
 

FASILITETER

  • To soverom

  • To bad

  • King size seng

  • Regndusj og badekar

  • Sofagruppe med sovesofa

  • Peis

  • Wi-Fi

  • Kaffe/te vannkoker

EKSTRA

  • Utendørs badestamp

  • Badstu

Lord Garvagh hos 292 Aurland

Møt Lord Garvagh frå Irland, her portrettert med grafisk designer Rikke Vidde Westvig i VIDDE Design sin stilsikre strek.